Statsminister Jens Stoltenberg brukte mykje av tida si i Odda på valkamp. I gågata delte han ut raude roser og sanka flittig inn namn og telefonnummer til potensielle nye Ap-medlemmer.
Etter byvandring med Frode Grytten, besøk på Odda vidaregåande skule og jubileumsmiddag på Bokkotunet med Odda herreds Arbeiderparti, var turen komen til å helse på folk i gågata.
Langs heile ruta på veg frå Bokkotunet med retning eit ventande helikopter på kaien, delte Stoltenberg ut roser og tok seg god tid til å helse og prate med folk. Odda Arbeiderparti stilte med 100-årskake og kaffi til alle som ville ha nedst i gågata.
Statsministeren var ein populær mann i Odda i dag, og så mange var det som ville helse på Stoltenberg, at avreisa vidare til Husnes vart litt forsinka.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar