Det vart Siv Jung Hereid som fekk prisen Årets kvinnelege leiar i Hardanger.
Under ei tilstelling på Eidfjord Fjell- og fjordhotell fredag kveld var ei svært overraska Siv Jung Hereid frå Hardangerviddahallen i Øvre Eidfjrod tildelt prisen som årets kvinnelege leiar for 2008, i skarp konkurranse med Reidun B. Thorsen som har etablert Smelt i Odda. Etter at juryen hadde gått gjennom dei føreslåtte kandidatane, var det desse to som stod att som nominerte til prisen.
Vinnaren fekk diplom og ei keramisk skulptur, "Flyvende menneske", laga av den andre nominerte. I sin tale i samband med overrekkinga, sa Gunvor Riim Opedal at det og handlar om å miste fotfeste for ei stund; ein må tore å fly, for å skapa noko og sette ideane ut i livet. Å realisera forretningsidear krev mot og stor innsats, det krev vilje og engasjement, sa Riim Opedal i si tale til Siv Jung Hereid som starta kafe ved Hardangervidda naturseinter i 1995. I 2002 starta ho restaurant i nybygget tvers over vegen. Lokal mat og mattradisjonar har heile vegen vore viktig for henne; ikkje minst ferske varer fra Hardangervidda.
Prisen er initiert av kvinnovasjonsprosjektet i Næringshagen i Odda og Sparebanken Vest.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar