Investorar vil gjera Sommarskisenteret til flaggskip i Hardanger.
Klakje AS har sidan desember i fjor vore i dialog med investorane Øystein Stray Spetalen og Gunnar Hvammen om kjøp av Folgefonna Sommarskisenter. Investorane har ein visjon om å skapa eit «flaggskip» for heile Hardangerregionen, der sports- og fritidsaktivitetar og reiseliv vert ein «motor» for å utvikla lokalmiljøet og regionen. Onsdag hadde dei folkevalde i Jondal initiativet til handsaming.
Spetalen /Hvammen vil ha eit nytt driftsselskap som eig alle anleggsmidlane i Folgefonna Sommarskisenter AS. I?første omgang vil dei bruka seks millionar kroner for å ta eit løft, generelt rydda opp og gjera investeringar over dei neste par åra. Det er mellom anna snakk om opprusting av utstyr og bygging av nytt restaurant- og kafelokale. Dei ynskjer også overtaking av vegen opp til skisenteret.
Investorane vil gå inn med tre millionar i kapital. Dei resterande tre millionane må ein få inn gjennom andre tilskot, gunstige lån og så vidare.
– Det føreset at kommunen vert ein aktiv part i arbeidet med å få dette på plass, heiter det i eit brev frå styreleiar i Klakje AS, Lars Tveit i framkant av onsdagens handsaming. Der skriv han og at selskapet teknisk sett er konkurs, og har ei total kortsiktig kreditorgjeld på 1,6 millionar kroner pluss lønskostnader på 396.000 kroner. Dei har derimot klart å gjennomføra ein gjeldssaneringsprosess med alle kreditorar, og har då klart å redusera den kortsiktige kreditorgjelda noko. Men i tillegg til denne kortsiktige gjelda, kjem den langsiktige;?700.000 kroner til Jondal kommune og 1,5 mill. til Klakje AS. Dersom Stray Spetalen / Hvammen skal gå vidare med satsinga, er det føresett at både Klakje AS og Jondal kommune vil sletta alle krava sine.
Når det nye selskapet skal skaffa pengar, er Jondal kommune bedne om tilskot. Først i form av 400.000 kroner til etablering av nytt selskap, sidan 100.000 kroner til dekking av kortsiktig gjeld.
Styreleiar Tveit legg ikkje skjul på at han ser tilbodet frå Stray Spetalen og Hvammen som svært attraktivt.
– Med dette prosjektet vil ikkje berre drift og aktivitet på Folgefonna verta sikra, men også ei særs spanande framtidig utvikling av nye forretningsområde og tenester i Jondal. Det er ikkje ofte det byr seg slike moglegheiter, så me håpar også dei folkevalde ser at dette er ein unik sjanse til å gjera det løftet som trengst for å skapa ei berekraftig næring rundt fonna, avsluttar Tveit.
Jondal kommunestyre vedtok onsdag at kommunen, ved ordførar og rådmann, skal gå i vidare dialog med investorane om overtaking av skisenteret.
– Vedtaket seier ikkje noko om noko avtale om det eine eller det andre, men seier at det vert sett i gong ein prosess, understrekar ordførar Jon Larsgard.
Vedtaket er i tråd med tilrådinga frå ordføraren, men har fått eit tillegg etter framlegg frå Ap.
– Forsøket til Ap under gårsdagens handsaming var å sikra at det vert ein ryddig prosess i saka. Vi kan ikkje vera kjent med at eit slikt initiativ ikkje skulle verta ivareteke. Vi pressa på for å få ordføraren meir på bana i saka, og fremja difor forslag om at ordførar og rådmannen sin stab skal inn i forhandlingane, noko vi fekk fleirtal for, seier leiar for Jondal Ap, Olav Magnus Hammer, i ein kommentar til HF.
HF nyhende Norsk Bonde - og Småbrukarlag varsler flere aksjoner fremover. - Vi setter inn eventuelle tiltak for å sikre nok brød, sier Rema 1000. Les meir