...
KLYPTE SNORA. Her har kommunalminister Liv Signe Navarsete nett klypt snora og offisielt opna Hardangerbrua. Ho vert gratulert av ordføraren i Ulvik, Hans Petter Torbjørnsen. Til høgre vegdirektør Terje Moe Gustavsen og til venstre ordføraren i Ullensvang, Solfrid Borge. Foto: Trygve D. Syse

No har brua opna

RIksveg 7 mellom Bergen og Oslo er ferjefri.

Eivind Dahle Sjåstad E-post
Publisert 17.08.2013 kl 12:50 Oppdatert 17.08.2013 kl 17:55

Tips ein venn på e-post:


...
OPEN: Hardangerbrua mellom Vallavik og Bu. Foto: Eivind Dahle Sjåstad

Liv Signe Navarsete (Sp) opna laurdag ettermiddag Hardangerbrua, Norges største hengebru, på Vallavik-sida av brua.

No er det duka for stor folkefest i Eidfjord, på andre sida av brua.

Hardangerbrua har no erstatta dagens ferjesamband mellom Bruravik og Brimnes og vil tene fleire føremål.

- Knyt kommunane tettare saman

Mellom anna blir reisetida mellom Bergen og Oslo korta ned, og riksveg 7 over Hardangervidda er no ferjefri.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) gjekk på talarstolen på brua med følgande avslutning på sitt innlegg.

- Gratulerer med dagen! No er det full fart over fjorden!

Liv Signe Navarsete (Sp), som opna sjølve brua, hadde mykje å seie då ho gjekk opp på talarstolen ikledd bunad.

- Hardangerbrua er eit prosjekt eg har følgt tett i lang tid - over fleire år. Og er stolt over å stå for opninga. I dag blir draumen verkeleg, sa ho.

Kutta snoren

Ho peike på dei mange føremåla med brua:

- Hardangerbrua skal knyte kommunane tettare saman. Brua skal syta for ein større arbeidsmarknad og brua skal få fleire til å busetja seg her, sa Navarsete.

Ho la også til at riksveg 13 frå Voss til brua hadde fått eit kraftig løft.

- Brua blir også viktig av di hovudferdsla blir enklare og kortare. Brua knyt saman to fantastiske nasjonalveger, sa regional - og kommunalministeren.

Etter talen klipte ho snora, eller det vil seia, ho kutta den med ein kniv.

I ettermiddag samlast hardingar og andre bru-entusiastar til stor fest i bygda. Her er noko av det som skjer frå klokka 13:00

  • Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland
  • Mikkel og Mikkeline kjem på besøk
  • Aktivitetspark for barn i Ostangen
  • Kulturinnslag frå kulturskulane frå Voss, Eidfjord, Ulvik,Granvin og Ullensvang
  • Evanger Balkanfest Orkestra
  • ”Smaken av Hardanger”- lokalmat frå Hardanger/Voss regionen

Seinare på kvelden blir det kulturarrangement i idrettshallen i Eidfjord.

Arne og Sjur Hjeltnes er konfransier og det blir Kulturinnslag med lokale kulturaktørar:

  • Knut Hamre, Vossa Rebels, Annlaug Børsheim,
  • Ranveig Djønne, Torkjel Børsheim (Frikar),
  • Eirik Sæle og Folkelokk

På framsida no


...

Kystverket fann mykje

Kystverket har fjerna større vrakdelar og vil i løpet av helga vurdera behovet for meir opprydding i Sørfjorden.

...

Solberg kjem til Odda

Tips oss: TIPS: Send e-post ,SMS/MMS: kodeord TIPSHAF + tekst/bilde til 2470,Telefon: 53 65 06 20

Statsminister Erna Solberg vitjar dei flaumråka områda på Vestlandet. Odda er første stoppestad.

...

Får ikkje flytta heim

Lensmannen vil ikkje la fleire evakuerte flytta heim før ein ser om grunnen stabiliserer seg. Samstundes er Odda kommune usikre på om fleire hus må rivast.

...

Det kjem meir nedbør

Det er meldt meir nedbør i helga, men NVE er ikkje bekymra for ny flaum.