...
ROCK I REGNET. Tiebreaker består av gitarist Eirik Wik Haug, vokalist Thomas Espeland Karlsen og trommis Pål Gunnar Dale, bassist Patrick Andersson og Øyvind Tømmernes (keyboard/orgel). Foto: Eivind Dahle Sjåstad

Tiebreaker stoppa regnet

Serverte lekre rocketonar i plaskande regnvér

Eivind Dahle Sjåstad E-post
Publisert 22.07.2012 kl 09:59 Oppdatert 20.09.2012 kl 13:06

Tips ein venn på e-post:

Det vart inga Velure Rock i fjor. Men i år var festivalen tilbake og på scena stod band med røter frå Odda og Indre Hardanger klar til å gi publikum ein skikkeleg fest.

  • Sjå video lenger nede i artikkelen!

Det klarte dei til gangs.

Ocean of Lotion, eit band som har gjort det skarpt i Japan leikte seg med publikum og leverte sitt bidrag til at dei dyvåte festivaldeltakarane skulle få noko å varme seg på.

Men det var ikkje før Tiebreaker, bandet med den svært dyktige vokalisten Thomas Espeland Karlsen, entra scenen - at regnet endeleg stoppa. Det skjedde rett nok ikkje før siste songen, men det vart blant publikum spekulert i om Karlsens spissfindige stemme kunne ha noko med saka å gjera.

Tiebreaker slapp nyleg sin aller første EP og festivaldeltakarane fekk sjølvsagt høyre alle dei fire songane på EPen.

Bandet AG3 frå Ullensvang fekk æra av å starte årets Velure Rock og vokalisten Sara Nå leverte varene, slik ho også gjorde i lag med bandet sitt då dei tok seg vidare til frå den lokale UKM – tevlinga i fjor haust .

Real Ones frå Bergen var hyra inn til å avslutte showet. Bandet er vanskeleg å feste til noko konkret sjanger, men var i aller høgste grad ei verdig avslutning og spelte seg truleg rett i mange hjarter.

Her fekk publikum alt frå gitar og trommer til ukulele og fele.

Les heile reportasjen i HF mandag

Velure Rock 2012

...

Slik var Velure Rock.

Sjå bilete


På forsiden nå


...

Ingen avklaring rundt Odda parkering AS

HF nyhende Kommunstyret skulle i dag vedta å opprette Odda parkering AS, men saken ble utsatt. Les meir

...

Starter opp Folkelokk AS

HF kultur Jentene i kulturbedriften Folkelokk UB skal avvikle ungdomsbedriften, men vil ikke legge ned prosjektet. Les meir

...

Ber Stortinget slå sammen kommuner

HF nyhende Kommunenes interesseorganisasjon KS ber Stortinget ta initiativ til kommunesammenslåinger. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.