Odda-politikarar vart utfordra av Odda Handelsstandsforening.
To ganger fem minutt, ein liten ballbinge med kunstgras og ein motstandar med mange innbyttarar:
Jamn kamp
Til dels knallharde skot og taktisk keeperspel gjorde at politikar-laget lenge leia kampen. Det stod ikkje på innsatsen frå nokon av laga.
Dei tre odda-politikarane måtte til slutt sjå seg slått med eitt mål av laget frå Odda Handelsstandsforening. Sluttresultatet vart 11 - 12.
På politikarlaget stilte Nils Petter Freim (H), Erlend Nævdal Bolstad (H) og Linda Haugland Jondahl (Ap).
- Vi skulle hatt minst eit par innbyttarar til, var forklaringa frå politikarane etter kampen.
To og to frå kvart lag var i aksjon i mini-ballbingen i Almerkeparken.
Også for dei yngre
Både før og etter dei vaksne, var det ungar i barneskule-alder som fekk sparka ball.
I ein kamp slo søskenbarna Sondre Iversen Hjørnevik (9) og Daniel Orrestad Hjørnevik (10) eit anna lag 6 -1.
HF nyhende Kommunenes interesseorganisasjon KS ber Stortinget ta initiativ til kommunesammenslåinger. Les meir
HF nyhende Et flertall i transport- og kommunikasjonskomiteen vil ha tunnelene på E134 inn i første planperiode. Stortinget behandler NTP i dag. Les meir