Sølvsuper stiller som pub-band og fyrer i gang påsken førstkomande laurdag.
Bandet har spela til dans i heile regionen med ulike medlemmer og arrangement opp gjennom åra.
«Det som kjenneteiknar Sølvsuper er at dei brukar kjende låtar og gjer dei til sine eigne på ein formidabel måte», står det i eit presseskriv sendt frå Ekspedisjonen Skjenkestove.
Vidare melder dei:
"Halldor Elling Eidnes spelar tangentar, trekkspel, syng og er mentor og fiksar. Vokalist, Per Ragnar Raaen, formidlar stemning og intensitet med den store stemma si, i tillegg til å spela kassegitar. Kjend for mange er Stein Harald Aksnes som spelar trommer og har vore ein sentral figur frå rockelivet i Hardanger gjennom mange år.
Håkon Widding er truleg den beste gitaristen i Hardanger, og har eit register som spenner over mange sjangrar og teknikkar. Widding har ei eige evne til å skape lydbilete som publikum kjenner att frå dei store stjernene.
- Det er heftig å stå ved sida av Håkon når han dreg ein av soloane sine, seier Lars Korff Lofthus, som er siste tilskot til gruppa.Han har overteke bassgitaren».
HF nyhende Uteområdet ved Skare barneskole er midlertidig stengt til og med fredag på grunn av sikringsarbeid. Les meir
HF nyhende Tekniske problemer på ferjesambandet Jondal - Tørvikbygd skapte problemer for reisende. Les meir
HF nyhende Flom på østlandet skaper problemer for Hardanger Folkeblad. Les meir