...
Epos til kai på Børve den gong det var naturleg stoppestad. Arkivbilde. Foto: Johannes H. Sekse.

Bokbåten på tur til Hardanger

Bokbåten Epos er på veg. Torsdag, 17. november kjem ho i våre farvatn, lasta til ripa med med bøker og kultur for dei yngste. Og eit magisk skrin.

Mette Bleken E-post
Publisert 16.11.2011 kl 10:07 Oppdatert 16.11.2011 kl 10:10

Tips ein venn på e-post:

Torsdag legg Epos til kai på Vines, Lofthus og Nå. Fredag er det Hovland og Tyssedal som er anløpsstader. Laurdag er det Herand som får vitjing, før båten som er lasta med bokstavar, bilete og illustrasjonar og eit kulturprogram for dei yngste, igjen set kurs til øyane lenger vest.

I år er det Nina Næsheim som skal gi dei unge ei kulturell oppleving.

Ho tek utgangspunkt i eit skrin ho fekk av morfaren. Han var sjømann og reiste verda rundt. I det magiske skrinet har Nina små gjenstandar som kvar har sin historie - frå fjern og nær, og for liten og for stor. Kan hende kjem det og ein song eller musikk frå det magiske skinet om dei unge lånarane er heldige.

Båtbesøk kombinert med litterært påfyll og kulturell underhaldning i nærmiljøet er populært som aldri før og besøkstala fortel sitt om den kulturelle krafta som Epos representerer i fylket vårt, skriv Hordaland fylkesbibliotek i ei pressemelding.

Dei 43 stoppa til båten ligg spreidd langs kysten og i fjordar både nord og sør i fylket. Barn og ungdom er den største brukargruppa, og både skular og barnehagar er interesserte i at bokbåten stoggar på «deira» kai i skuletida. Det er eit puslespel for Hordaland fylkesbibliotek som har det administrative ansvaret for bokbåten og for Lindås bibliotek som har driftansvaret for båten å prøve å imøtekome så mange av ønskja som mogleg, kan me lesa.

Kulturprogramma er eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken i Hordaland, og er støtta av Folkeakademiet i Hordaland.

Det fullt mogleg å fylgja bokbåten dag for dag på

http://www.bokbaten.no/ som og turnerar Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.



På forsiden nå


...

Åtvarar mot roseseljarar

HF nyhende Utanlandske seljarar har dukke opp fleire stadar i distriktet, og politiet ber publikum ta kontakt dersom dei dukkar opp. Les meir

...

Rock, blues og ballade i Smeltekjelleren

HF kultur Lørdag kommer duoen JarEid til Odda og Smeltekjelleren. Les meir



Abonner på e-avisa

...

Ballbingen fortsatt avsperret av rasfare

HF nyhende Uteområdet ved Skare barneskole er midlertidig stengt til og med fredag på grunn av sikringsarbeid. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.