XLNT, rett i koppen, rumpa til Bjarne Brøndbo, vinsjan på kaia og ein tur langs E6: Alt slo an da trøndarane i DDE for første gong hadde konsert i Røldal under Røldalsmarknaden.
Då regnet tok til å hølje ned eit par timar før konserten såg det litt stygt ut. Men folk kom likevel, og DDE gir alt, om dei speler i Trondheim eller i Røldal, i solskin eller regn.
Frontfigur Brøndbo hadde med seg munnspel og trekkspel, han hoppa rundt på scena og gjekk fram og helste på publikum. Resten av bandet hadde innøvde dansesteg og anna morosam koreografi.
Publikum fekk det dei hadde kome for, og framme langs scenekanten var det ein god del ihuga fans som kunne syngje med på nær sagt alle låtane. Lengre bak var det nokon som tok seg ein svingom, og snart letta regnet og.
- Det er juni, det er Røldal, det er kjærleik, det er fest og vi har det så bra, ropte Bjarne Brøndbo.
Han hadde både feste-songar og balladar på lager.
- Viss nokon har lyst til å kline må dei gjerne gjere det, sa vokalisten og stemte i “Det fine vi hadd’ sammen”.
Til “Rai-rai”, “Rumpa mi” og “Likar no” var det ikkje noko klinestemning, men i staden tid for å hoppe opp og ned og vræle med på refrenga.
Gjennom første timen av konserten var det taktfaste utrop av “E6, E6” frå nokon der framme, og til slutt fekk dei det som dei ville.
- No skal me ha den største allsongen sidan unionsoppløysninga, forlanga Brøndbo.
Og folk song med på visa om trailersjåføren som køyrer E6 frå Svinesund mot Bodø, og prøver å rekkje fram til kjærasten som held på å fø.
Då bandet takka for seg ropte publikum dei tilbake med (nesten) taktfaste: “Ein te, Ein te.”
Og gutane kom sjølvsagt tilbake og gav ikkje berre eitt, men fleire ekstranummer.
“Vi ska fæst heilt t sola står opp ? For vi ska på nachspiel, på nachspiel” sang DDE og sendte røldølene og dei andre ute i natta
HF nyhende Det gikk hett for seg da monstertruck-shovet til Hotwheelbrothers gjestet Odda fredag. Flammer er en vesentlig del av showet til de tyske bilstunterne. I Odda tok det litt ekstra fyr. Les meir
HF nyhende Velfortjent 3-1 til OFK mot Nordre Fjell i Tyssedal i dag, lørdag.
Dermed ligger de på 3. plass i 4.divisjon, avdeling 1. Les meir
HF nyhende Både brannvesen og politi rykket ut til en gressbrann som tok overhånd i Røldal ved seks-halvsyvtiden fredag kveld. Les meir
HF nyhende Ingen promille, men en mangellapp og en avskilting i Odda fredag kveld. Les meir