...
FOLKEHØGSKULEMANN, keramikar, kurshaldar, folkedansar, skodespelar,hestekjennaar og leiar i venelagete for Skredhaugen. Per Nornes var ein verdig kulturprisvinnar. Foto: Johs H. Sekse

Fortent kulturpris

Per Nornes vart måndag 17. mai tildelt Ullensvang herad sin kulturpris for 2010. - Han er ein verdig vinnar, sa rådmann Tone Tveito Eidnes då ho overrekte prisen.

Johannes Sekse E-post
Publisert 17.05.2010 kl 21:58 Oppdatert 17.05.2010 kl 22:11

Tips ein venn på e-post:

...
OVERRASKA. Som vanleg på 17. mai overraska Tone Tveito Eidnes kulturprisvinnaren. I år var det Per Nornes som vart tildelt kunst, sjekk og heider. Foto: Johs H. Sekse

Heilt uvitande sat Per Nornes i salen på Hardanger Folkehøgskule då Tone Tveito Eidnes byrja å introdusera årets kulturprisvinnar i Ullensvang herad. Ho var særleg glad for at juryen i år hadde valt ein kandidat frå Lofthus.

- Han har budd her i førti år og vore med på å prega bygda og aktivitetane her i like lang tid, sa ho, utan at prisvinnaren ante noko som helst.

Då ho byrja å å snakka om kunsthandverk og at dei keramiske arbeida hans ragar høgt, både lokalt og nasjonalt, og at han som mangeårig lærar på Hardanger Folkehøgskule har vore ein god ambassadør for Hardanger, byrja han å få litt mistanke.

Skodespel og dans

- Det var også han som var den nødvendige eksperten då hestelinja vart starta opp, sa ho, og heldt fram:

- Per, ja for dere har forstått at jeg snakker om Per Nornes, har også gledet mange som opplever og som skuespiller, sist i spelet om Rika Ragna, sa Tveito Eidnes

Ho tok også med folkedansaren, både som instruktør og profesjonell utøvar mellom anna under Hardanger Musikkfest. Han er også ein svært inspirerande kurshaldar, både innan spesialfeltet keramikk men og i dans og andre kulturaktivitetar.

Organisasjonsarbeid

Prisvinnaren har også vore aktiv organisasjonsarbeidar, særleg i Ullensvang kunstlag og Husflidslaget. Han har vore medlem i Ullensvang sokneråd ei årrekkje, og etter at han var med og tok opptakten til Skredhaugens Vener, har han vore leiar av venelaget. Han hadde hovudansvaret for utstillinga om stølsliv og han har aktivisert mange skuleelevar gjennom glimrande formidling.

Tveito Eidnes gav også per Norenes æra for tre overvintrande geiter på Skredhaugen, som også har fått kje.

Kunst

- Per Nornes er en verdig kandidat til å få Ullensvang herad sin kulturpris, og det er en glede å få dele den ut til han nå i 2010, sa ho før ho overrekte eit bilete som kunstnaren Ingunn van Etten hadde laga spesielt til vinnaren. I tillegg fekk han ein gåvesjekk på 5 000 kroner.

Ein audmjuk prisvinnar takka kort og hjarteleg. Nokon lang tale hadde han ikkje fått høve til å førebu.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

De hotteste trendene

...

Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.

Se bildene her

Nye modeller

...

Motormessa i Detroit er i gang. Sjekk ut et utvalg av bilene som har funnet veien dit.

Se bildeserien


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.