...
Chorus-80, Toneskredo og musikarar på scenen. Foto: Jenny Tommsdatter Gabrielsen

Vakkert skred av irske tonar

Dei jubilerande kora Chorus-80 og Toneskredo inviterte sundag til vakker og variert irsk musikk på Krossvoll. Forestellinga vert og sett opp i Eidfjord og Granvin denne veka.

Jenny Tommsdatter Gabrielsen E-post
Publisert 19.04.2010 kl 17:06 Oppdatert 21.04.2010 kl 11:38

Tips ein venn på e-post:

An Irish Celebration

...

Til oppsettjinga ”An Irish Celebration” hadde ikkje dei to kora berre slege seg saman, dei hadde og fått med seg fire dyktige musikarar frå distriktet.

Silje Hveem på fløyte, Annlaug Børsheim på fele, Rannveig Djønne på toradar og munnspel og Erlend Styve på gitar er alle røynde og dyktige utøvarar som er busett i Hardanger og Voss.

- Dei speler som ein vulkan, sa Magnus Opedal, dirigent for Chorus-80, med ei tidsriktig samanlikning.

Kombinasjonen kor og musikarar gav forestellinga eit stort lyft. Vekslinga mellom reine musikkinnslag, korsong, mindre songgrupper og solistar var særs vellukka.

Koret skapte og ekstra liv med små kostymeeffektar, dans, og dramatiseringar.

Mellom anna kom Molly Malone, frå den kjende visa, gåande gjennom salen med ei kjerre med muslingar og skjel. Ho døyr i løpet av songen, men dykkar opp som gjenferd-dokke i bakre rekke.

Godt frammøte

At forventningane til kvelden var høge synte seg ved det gode frammøtet. Allereie ei halvtime før konsertstart tok folk til å strøyme mot Krossvoll, og ti minutt før oppsett tid var salen nesten full.

Og folket vart ikkje skuffa då koret gjekk på scenen til tonar frå musikarane. Blant publikum byrja føtene å trampe alt frå fyrste takt.

- Her stod opplevingane i kø, det er nesten så eg kunne tenkt meg å følgje etter dei vidare til Eidfjord og Granvin, sa Ullensvang-ordførar Solfrid Borge, som var ei av dei nøgde tilhørarane.

Mange sjangrar

Under hovudtemaet irsk musikk var det mange undersjangrar representerte. Det var salmar, barnesongar, folkeviser og nyare songar. Nokre, som ”Danny Boy” og ekstranummeret ”The Wild Rover” var nok kjende for dei fleste, medan andre vakre songar var gledelege nye kjennskap.

På programmet var mellom anna barnesongen I’ll tell me Ma ( Eg seier det til mamma), med solist Sissel Berit Opheim med raud parykk og slikkepinne. Salmen ”Deg å få skåde” har Sissel Kyrkjebø gjort kjend og kjær i Noreg. Danny Boy er ”ein skikkelig irsk sviske”, som Opedal sa i sin introduksjon.

Det hadde og snike seg inn eit par songar som ikkje var irske, som den engelske folketona Scarborough Fair, som Simon and Garfunkel gjorde kjend på 60-talet. Her var Marianne Opacic solist med sjølvlaga kjole.

Det var til og med to stykke med som er komponert av to av musikarane, ”The Lounge Bar” av Annlaug Børsheim og ”Besse Vikingson” av Rannveig Djønne.

Historie

Kora hadde heller ikkje gløymt dei store hendingane i irsk historie. ”The Fields of Athenry” handlar om sveltkatastrofen på 1800-talet, medan ”The Town I loved so well” skildrar borgarkrigen i den nord-irske byen Derry. Her var Øyvind Salbu solist.

Det var tydeleg av utøvarane har øvd vel og lenge. Dei kunne songane godt, og torde å sleppe seg litt laus med kroppsrørsler og andletsuttrykk.

Alt i alt serverte jubileumskora ei stemningsfull musikalsk oppleving.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


null

...

Tufte med motorsaga

Web-TV Olaf Tufte har byttet årene med en potent motorsag, og gyver løs på VM i timbersports.

Se video

Bilete inn- og utland

Superflyet i Norge

...

Norwegian nye superfly er i Norge. Bli med på en omvisning.

Se bildene her

Lyseblått Manchester!

...

Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!

Se bilder av gullfeiringen!

Overtidsdramatikk

...

Brann og Strømsgodset tok sesongens første 3-poengere. I Lillestrøm reddet Dorsin ett poeng for Rosenborg på overtid.

Se alle bildene fra 2. serierunde!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.