...
Marit Eikemo er ein av arrangørane av litteraturkafeen. Foto: Jenny Gabrielsen

Årets siste "mens vi ventar"

Torsdag blir årets siste litteratur kafé arrangert på "Smelt" i Odda, med diktarar Lars Ove Seljestad og Erlend O. Nødtvedt, forfattar Annette Mattsson og hardingfelespelar Siri Dyvik.

Jenny Tommsdatter Gabrielsen E-post
Publisert 12.03.2010 kl 14:59 Oppdatert 12.03.2010 kl 15:08

Tips ein venn på e-post:


I vinter har Marit Eikemo og Frode Grytten invitert til små litteraturtreff, mens dei ventar på å få starta litteraturhuset Bokbadet. Torsdag er siste arrangementet i rekkja.

”Hordaskaldane Lars Ove Seljestad og Erlend O. Nødtvedt vil gå kvarandre i stemne med norrøn-inspirert lyrikk”, skriv Litteratursymposiet på sine heimesider.

I tillegg kjem den prisløna novellisten og romanforfattaren Annette Mattsson frå Bergen. ”Mattsson debuterte med novellesamlinga ”Fotografiet” i 1997, og har sidan skrive både romanar, novellesamlingar og barnebøker.” står det på heimesidene.

Videre skriv arrangørane:

”Erlend O. Nødtvedt frå Bergen debuterte i 2008 med diktsamlinga ”Harudes”, og same år fekk han Ung Poesi-prisen under Ulvik Poesifestival. ”Harudes” inneheld svært musikalske og dynamiske dikt, der vestlandsnatur og diktoppsett fell saman, til dømes fossefall og ((j)ord)ras).

Lars Ove Seljestad frå Odda brakdebuterte med romanen ”Blind” i 2005. I 2007 kom ”Bastard”, eit essay om klassereise. I 2009 kom romanen ”Frægd”, som er det norrøne ordet for ære. I denne romanen møter vi tre generasjonar menn frå ættegarden Hovland i Hardanger.

Siri Dyvik er lege og tradisjonsspelemann frå Hardanger, fødd og oppvaksen i Odda, busett i Haugesund. Dyvik begynte i lære hos Olav Kvammen og har seinare gått i lære hos Lars Velure, Anders Kjerland og Håvard Kvanndal. I 2005 gav ho ut cd-en ”So va da gjort”. ”

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.