Ein 14-dagars ekstraturné kjem Hardanger til gode. Kinosalen i Odda vert arena for konsertyndlingane i Vamp den 13. mars.
I midten av desember avslutta Vamp sin til no lengste turnérunde med 200 konsertar. Men fansen skrik etter meir, og difor legg Tir N'a Noir-gjengen no ut på liten ekstratur, der dei besøkjer nokre stader som ikkje fekk besøk sist, og nokre der det var ekstra rift om billettane. Odda er i sistnemnde kategori, med fullt hus sist.
- Det blir ei god blanding av gamalt og nytt, seier vokalist og frontfigur Øyvind Staveland om spelelista for den komande konserten i Odda.
Samtidig forsikrar han om at det ikkje vert ein kopi av den konserten dei heldt i Odda i februar 2009.
- Vi gjer litt endringar, men folk skal ikkje vere redde for at dei ikkje får høyre dei mest kjende songane, forsikrar han.
Under den lange turneen i 2009 slapp Vamp-orkesteret å reise langt mellom kvar konsertstopp. Konsertarenaene var ei fin blanding av alt frå kyrkjer til konsertsalar med dansande publikum.
- Me synes det er stas, og er heldige som har så mange stader me kan halde konsert, seier Staveland.
Det er litt vemodig at det er slutt på turneen, meiner han, og lovar å gje alt i Odda.
- Repertoaret sit i fingrane og hovudet, og me har mange positive minne frå sist turné, seier vokalisten.
I 2010 blir det langt frå like mange Vamp-konsertar som i 2009.
På Tenstetorget i Odda kommune er dei godt i gang med billettsalet til Odda-konserten, som Blueslaget lokst utøve arrangerer.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Web-TV Vinni sang «Sommerfuggel i vinterland» på Sartor senter i Bergen. Video fra BA.
Se videoVi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar