- Har vi det bra, ropte Helge Tverdal.
- Ja, svara vi. Vi hadde det veldig bra.
Utstaden Iris vart råka av akutt glede fredag kveld. Humøret til dei som spela denne kvelden, Vetrhus Bluesband, er nemleg smittsamt.
Berrføtte og kledde i rare fargar spelar dei fletta av dei fleste, og dei gjer det med eit kronisk smil som du berre må bli i godt humør av.
Vokalisten Tverdal kan berre aldri få nok av denne tilstanden, og han får med seg munnspelaren, gitaristen, tommisen - ja til og med den sindige bassisten på eit publikumsfrieri ingen kan unngå å dragast med i.
Dei spela på Iris på fredag kveld, og eg er glad enno.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Web-TV Vinni sang «Sommerfuggel i vinterland» på Sartor senter i Bergen. Video fra BA.
Se videoVi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene her
Siste kommentarar