For tolvte året på rad, samlast folkemusikkinteresserte på Besso turisthytte komande helg. Knut Hamre og Rannveig Djønne held konsert medan gruppa Syndebukken spelar til dans.
Etter elleve velluka arrangement tidlegare, reknar hyttevert Sylfest Lainegen at dette ikkje vert dårlegare. Knut Hamre på hardingfele og Rannveig Djønne på toradar er store og gode namn som har mange tilhengjarar.
«Syndebukken», som vart starta i studentmiljøet i Bergen på syttitalet er også godt likt av mange. Laingen vil prøva å skaffa husrom til alle. På hytta har han plass til 4-50. Men mange pleier ha med seg telt eller lavvo, så han reknar med at det skal gå greitt dette året og.
På det meste har det vore over hundre deltakarar. Det er litt i overkant. Det ideelle for arrangementet er ein stad mellom seksti og sytti, meiner han.
Etter at Besso skifta eigarar, fekk Laingen fem års kontrakt på drifta. Han er no inne i det andre, og har hatt ein god sesong.
Sylfest vidarefører dei gode tradisjonane etter systera Aud Laingen Hamre. Med kyr på beite og fisk i Lågen skaffar dei mykje av råstoffet til både middag og frukostbord.
Fredag vert det til dømes fjellaure til middag. Laurdag vert det spekemat og rjomegraut.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!
Se bilder av gullfeiringen!Brann og Strømsgodset tok sesongens første 3-poengere. I Lillestrøm reddet Dorsin ett poeng for Rosenborg på overtid.
Se alle bildene fra 2. serierunde!
Siste kommentarar