Klare for belghelg

Etter fleire år utan, stiller det to lokale orkester til konkurranse i årets Blømingsfestival på Hardangertun i Kinsarvik i helga.

Johannes Sekse E-post
Publisert 23.05.2008 kl 10:42 Oppdatert 23.05.2008 kl 10:42

Tips ein venn på e-post:

...
FESTIVALSTART. Harald Bu eg glad for at det er to lokale grupper med og konkurrerer i årets Blømingsfestival. Anita Bråvoll er med i begge. Festen startar fredag kveld.

Fredag kveld startar Blømingsfestivalen på Hardangertun. Då vert det spel, dans og sosialt samver, fortel festivalgeneral Harald Bu.

I alt skal 190 musikarar fordelt på 24 orkester, kjempa om å verta dei beste på Vestlandet.

Mellom dei er det to lokale grpper med i år. Noko det ikkje har vore på mange år. Dei to er tidlegare Vestlands- og NM-vinnar Heidruns Gamaldansorkester, med Heidrun Opedal, Harald Opedal, Johannes Holven og Knut Vidar Dale, supplert med Anita Bråvoll. Gruppa har kalla seg for «Trøndhar». Det skuldast at ein også har fått med seg John Ole Morken og Lajla Buer Storli.

Harald Opedal og Anita Bråvoll er også med i den andre lokale gruppa - «Retta Draget». I tillegg finn me her Ottar Rykke, Irene Instanes, Arne Søylen, Astrid Vintertun Tjoflot, Egil Urheim og Elin Skår.

- 24 deltakande grupper er litt under fjoråret, men meir enn nok til å skapa stemning, seier Harald Bu. Festivalen startar med kosekveld fredag. Då verta det dans og sosialt samver på Hardangertun.

Sjølv konkurranse vert også avvikla her om laurdag føremiddag. Her får orkestera fyrst høve til lydprøve. Det vil seia at dei spelar ein melodi som ikkje tel.

Dei fem beste går til finalen laurdag kveld, der det også vert premieutdeling og stordans.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

McLarens nye formel 1-bil

...

Spellemann-festen

...

Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!

Se bildeserie her!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.