Hardangerfolk - for folk flest

Noko nytt er i ferd med å skje på Hardanger Folkeblad sine nettsider.

Publisert 24.01.2008 kl 12:57 Oppdatert 25.01.2008 kl 12:59

Tips ein venn på e-post:

...
...
HARDANGERFOLK er godt i gang, men konstituert nettredaktør Herdis Moldøen vil ha fleire medlemmer. Foto: Jens H. Ådnanes

Før jul i fjor starta det med små drypp på framsida til hardanger-folkeblad.no. Folk vart oppmoda om å sjekka kulturkalenderen og verta med i noko som heitte Hardangerfolk . Bak skjermen i HF-hovudkvarteret sat ein spent nettredaktør og venta på respons.

- Hardangerfolk skal vera eit verktøy for lesarane våre, ein stad der hardingane kan møtast og snakka saman, seier konstituert nettredaktør i Hardanger Folkeblad, Herdis Moldøen .

Hardangerfolk.no er ei lokalavissone av nettforumet Origo.no. Her skal hardingane boltra seg i debatt, ein brukarstyrt aktivitetskalender, bloggar og deling av bilete.

Meiningsmangfald

Moldøen trur dette er noko som vert positivt for hardingane.

- Me veit at folk i regionen har mange meiningar. På hardangerfolk.no vert det lett å lufta meiningane sine, og skapa ein konstruktiv debatt.

I skrivande stund har sona 76 medlemmer, og fleire skal det bli, trur Moldøen. Ho har merka seg at mange er inne på sida og snusar på innhaldet, og oppmodar fleire om å delta. Om ein vil kommentera ei sak skriven på HF sine nettsider, må ein melda seg inn først.

Snilt samfunn

- Fleire slike debattar vert ofte prega av eit heller lågt nivå og gjerne sjikane og rasisme. Korleis skal ein unngå det?

- På origo og hardangerfolk må alle registrera seg med fullt navn. Slik må folk stå for det dei ytrar, og ei slik registrering vil nok verka positivt for debatten, svarer Moldøen.

Som nevnt har Hardangerfolk ein eigen aktivitetskalender , der ein får vita kva som skjer, kven som skal delta, og kan senda tips til andre. Moldøen meiner kalenderen vil avkrefta fordommar hardingane har mot lokalsamfunnet sitt.

- Det er gjerne ei oppfatting av at det ikkje skjer noko i Indre Hardanger. Kalenderen viser derimot at det er eit stort mangfald i lokalsamfunnet. Sjølv har eg vorten merksam på fleire arrangement eg ikkje var klar over sjølv.

Betre enn Facebook

Kalenderen er også eit viktig element for organisasjonar og lag, her kan ein budbringa eigne arrangement og aktivitetar. Det er også mogeleg å starta eigne soner for laga sine. Alt no er til dømes Odda Kino, Frivillighetssentralen i Odda og Ekspedisjonen Skjenkestove representert på Hardangerfolk.

Moldøen meiner at Hardangerfolk vil verta noko heilt anna enn andre nettsamfunn som til dømes Facebook.

- Hardangerfolk vert laga av og for lokalsamfunnet vårt. I motsetning til Facebook er sonen eit mykje meir praktisk verktøy. Her vert ein ikkje plaga med meiningslause bamsar, klemmar og digitale vampyrar. Det er først og fremst eit nyttig verktøy for hardingane. Meld deg inn i dag! oppmodar Moldøen.

Kva meiner du om Hardangerfolk? Skriv di meining her!

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


null

...

Tufte med motorsaga

Web-TV Olaf Tufte har byttet årene med en potent motorsag, og gyver løs på VM i timbersports.

Se video

Bilete inn- og utland

Superflyet i Norge

...

Norwegian nye superfly er i Norge. Bli med på en omvisning.

Se bildene her

Lyseblått Manchester!

...

Manchester City jublet som gale etter at gullet ble sikret fem minutter på overtid hjemme på Etihad!

Se bilder av gullfeiringen!

Overtidsdramatikk

...

Brann og Strømsgodset tok sesongens første 3-poengere. I Lillestrøm reddet Dorsin ett poeng for Rosenborg på overtid.

Se alle bildene fra 2. serierunde!


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.