Varme balladar, rått trøkk og deilig rytme. Konserten med Vidar Johnsen og Peter Nordberg vart ei fantastisk oppleving for dei som hadde møtt fram i kinosalen fredag kveld.
Tidlegare Vamp-vokalist Vidar Johnsen har inngått samarbeid med svenske Peter Nordberg og resultatet har blitt svært bra. Eit par av songane framstod som litt kjedelege, men alt i alt var det bra trøkk og ein deilig rytme som jaga seg inn i kroppen til publikum. Kombinasjonen av svensk og haugesundsdialekt fungerte overraskande bra, med eit unntak: songen til kemneren fekk eit noko gebrokkent preg over seg på refrenget.
To-tre av songane frå Vamptida var med på repertoaret, då Johnsen har skrive melodien til desse. Ein av dei var "Fuglane vett" som for HF’ utsendte framstod som det ultimate høgdepunktet. Johnsen viste rå stemmeprakt som gjekk frå ein nærmast hes, skrikande desperasjon til i neste augneblink å smelta over i fløyelsmjuk falsett. Rett og slett heilt fantastisk!
Eit anna stort høgdepunkt var "Sov lille søster". Denne songen hadde Peter Nordberg laga til si avdøde søster. Nydeleg tekst og krisp stemma fekk fram både gåsehud og eit par tårer i augekroken.
Prikken over i’en var bandet duoen hadde med seg. Gruppa smilte og det var tydeleg å sjå at dei koste seg på scenen. Trommisen laga kule effektar, bassgitaristen leika seg og siste karen sjarmerte publikum med fengjande mandolinspel i tillegg til å handtere andre strengeinstrument. Vokalistane sjølv sjarmerte med både humor, smil og bra songprestasjonar.
Salen var langt frå full, men når oddingar kosar seg, då skapar dei liv! To gongar måtte karane entre scenen etter ståande trampeklapp. Forventningane innfridde til det fulle!
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Lørdag gikk årets Spellemannpris av stabelen. Både vinnere og kjendiser strålte under musikkfesten!
Se bildeserie her!
Siste kommentarar