På kunstjakt i Skare kyrkje

Sjuandeklasse ved Skare skule har hatt prosjektarbeid om heimkyrkja si. Det resulterte i eit nærare forhold til kyrkja, og oppdaging av ein stor kunstnar.

www.hardanger-folkeblad.no_admin admin
Publisert 16.03.2007 kl 09:20 Oppdatert 03.09.2008 kl 10:37

Tips ein venn på e-post:

I samband med 80-års jubileet til Skare kyrkje i fjor har elevane i sjuandeklasse ved Skare skule brukt ni kunst- og handverkstimar på å bli kjent med kyrkja.

Skulen vart på same tid tipsa om at det hang eit krusifiks i kyrkja, laga av Ståle Kyllingstad (1903-87). Han er rekna som ein av Noregs store kunstnarar, like stor som Wigeland, men langt frå like kjent.

Årsakene til dette er, i følgje professor i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo, Øivind Storm Bjerke, at verka hans er spreidd over eit stort geografisk område, og at han ikkje har nokre offentlege tilgjengelege skulpturar i hovudstaden.

Då skulen skulle gje seg i kast med å studera kyrkja, både eksteriør- og interiør skulle under lupen, stod krusifikset naturleg nok i sentrum.

Krusifikset er laga i 1949, i polykromert tre. Det er ikkje spesielt stort, og heng over kordøra.

Korleis Kyllingstad fekk oppdraget med å laga eit krusifiks for skarekyrkja er vanskeleg å seie. Ikkje ein gong sonen, Røyne Kyllingstad (f. 1933) kan svara på dette, men han fortel at familien var busett i Busnes sommaren 1937. Busnes var ein tidlegare husmannsplass under garden Bu i Eidfjord. Her hadde kunstnaren Magnus Dagestad budd som nygift i 1888.

- Vi hadde sagt opp huset på Billingstad og var på veg til Hardanger då far min fekk jobben på Hadeland, seier Røyne.

Og dette er truleg årsaka til at familien vart verande berre ein sommar i Busnes.

Dei beste barndomsminna har Røyne frå Hardanger.

- Eg hugsar gamledoen som mangla tak og vegg og som hadde utsikt rett mot landevegen. Vi syntest det var stor stas, men mora vår likte det ikkje, minnest han.

Han fann også ei gamal sauebjølle på staden, som den dag i dag heng på veggen heime.

I dag er barndomshuset vekke. Kyllingstad vitja staden for fire-fem år sidan.

- Alt som var att då var ripsbuskane, seier han.

Ståle Kyllingstad hadde eit venskap til Amund Bu, som i si tid skipa Bu Museum, og den mykje eldre kunstnaren, Nils Bergslien.

Røyne Kyllingstad trur at tida i Hardanger kan vera årsaka til at faren fekk oppdraget med å laga krusifikset.

Men tilbake til Skare. Elevane sat i fjor haust på galleriet i kyrkja og teikna krusifikset, dei har fått kunnskap om Kyllingstad, og veit no at han var både bilethoggar, glaskunstnar og designer.

Men det beste med heile prosjektet er kanskje at elevane no ser kyrkja med nye auge. Små detaljar, som til dømes utsmykkinga på kyrkjeorgelet, eller fredsdua i koret, har ikkje elevane oppdaga før no.

- Alle detaljane vi ikkje har lagt merke til før, svarar Joar Walle på spørsmålet om kva som var kjekkast med prosjektet.

Det same seier Ingvild Vintertun Bleie, som sjølv kunne tenkja seg å bli kunstnar.

Om lag alle elevane i sjuandeklasse ved Skare skule er døypte i heimkyrkja, dei fleste vert nok konfirmerte her og.

Litt fram i tid skal ein heller ikkje sjå vekk i frå at nokre av elevane vert vigde i kyrkja, men det ville ikkje elevane høyra snakk om idag.

...
...
JUBILANT I FJOR. I 2006 feira Skare kyrkje 80-års jubileum. Foto: H. Frøyseth
...
KRUSIFIKS AV KYLLINGSTAD. Ståle Kyllingstad laga krusifikset i 1949. Materialet er polykromert tre. Foto: H. Frøyseth
...
JENTER I ORGELSPEILET. Frå v: Anette Tveit, Ingvild Vintertun Bleie og Åsne Nordbustad Tvedt. Foto: H. Frøyseth
...
"SKARDE KYRKJA". Bak alteret finn elevane informasjon om kyrkja. (bakerst): Åsne Nordbustad Tvedt, Christine Riise Ramsdal, Anette Tveit og Jakob Vintertun. Foto: H. Frøyseth


På forsiden nå


...

Åtvarar mot roseseljarar

HF nyhende Utanlandske seljarar har dukke opp fleire stadar i distriktet, og politiet ber publikum ta kontakt dersom dei dukkar opp. Les meir

- Sørg for å tappe skikkelig med vann

HF nyhende Vannet blir stengt av i Aplagarden fredag. Les meir



Abonner på e-avisa

...

Ballbingen fortsatt avsperret av rasfare

HF nyhende Uteområdet ved Skare barneskole er midlertidig stengt til og med fredag på grunn av sikringsarbeid. Les meir

Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.