I første høgda har vi trykkeri med pakkeri, pluss teknisk avdeling. I andre høgda ligg administrasjon, marknadsavdeling og redaksjon. Totalt er det knappe 23 årsverk fordelt på 29 tilsette.
Avisa Hardanger Folkeblad kjem ut tre gonger i veka, mandag, onsdag og fredag.
I teknisk avdeling gjer fleire av dei tilsette ulike oppgåver, mellom andre
mottak av sider digitalt frå leigetrykkskundane våre. På førtrykk er det 5
tilsette, i sjølve trykkeriet er det 4 trykkarar, pluss 5 tilsette på deltid
i pakkeriet.
Hardanger Folkeblad er eit heileigd dotterselskap i A-pressekonsernet. Konsernet har mange store trykkeri, og mykje kompetanse innan dette feltet.
Pressa
Pressa vår er Goss Community som våren 2007 vart bygt ut med eit nytt fargeverk. Det gjev pressa ein kapasitet på 24 sider i fire fargar. Vi kan trykka 32 sider på ein rygg. Pressa produserer 15.000 aviser i timen ved ordinær drift.
Hardanger Folkeblad har innført lineær repro med fargestyring i heile produksjonskjeden. Dette gjev god kvalitetsstyring og full kontroll over framstillinga av det trykte produktet. I samarbeid med leigetrykkskundane gjennomgår vi produksjonsretta kvalitetssikringstiltak, for å oppnå best mogleg trykk.
Det er viktig for oss at vi har tilgang til ekstern spisskompetanse for å sikra produksjonen. Derfor har vi faste serviceavtalar med fleire velrenommerte firma:
Førtrykk: Stein Raaness AS / Palografen
Trykk/pressa: Printoroll Service AB
Pakkeri: ImageAS og Grafinor AS
På distribusjonssida leverer vi i dag aviser direkte til Odda postkontor. Vi har distribusjonsavtale med Diivest AS mot Haugesund og Stavanger, og med Tide mot Bergen.
Hardanger Folkeblad er eit heileigd dotterselskap i A-pressekonsernet. Konsernet har mange store trykkeri, og mykje kompetanse innan dette feltet.
Vi ønskjer sjølvsagt å trykka flest mogleg av avisene i eige hus, men om kapasiteten vår ikkje skulle strekke til så har vi alternative løysingar for bilag/ekstraaviser med stort sidetal og mange fargesider.
Sist fredag vart det gjennomført ein scooterkontroll på Hildalsstølen, Reinsnos og Eidesstølen.
Storselskapet Siva Group, med hovudkontor i India, kjøper 50 prosent av flaskevassprodusenten Isklar på Hovland.
Tannklinikkar i Røldal, Utne, Eidfjord og Granvin står i fare for å verta lagde ned. Men fyrst skal det forhandlast.
Tannklinikkar i Røldal, Utne, Eidfjord og Granvin står i fare for å verta lagde ned. Men fyrst skal det forhandlast.
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Storselskapet Siva Group, med hovudkontor i India, kjøper 50 prosent av flaskevassprodusenten Isklar på Hovland.
10.03.2010 - 15:44Snøscooterkontroll i Odda 10.03.2010 - 12:19
Politikontroll ved Løyning 10.03.2010 - 11:00
Tannklinikkar i fare 09.03.2010 - 20:59
2,2 millioner til Tysso I 09.03.2010 - 20:08
Varsler høye strømregninger 09.03.2010 - 16:12
Mildvær gir snøskredfare 09.03.2010 - 13:42
Ope møte om lagune 09.03.2010 - 10:56
Feira med kake og saft 09.03.2010 - 10:14
Hva koster et ras? 08.03.2010 - 15:27