Velure rock i sommarskud

Endeleg! No skal det rockast i Velure igjen. Laurdag 21. juli. er det Velure Rock 2012 - det fjerde i rekka. Med avspark på Utne Pub i kveld.

SKREDROCK 2009. Bandet James Grieve forsterket med søsknene Bente og Per Ragnar Raaen på skredscena.

SKREDROCK 2009. Bandet James Grieve forsterket med søsknene Bente og Per Ragnar Raaen på skredscena. (Foto: Mette Bleken)

DEL

Styret satsar på eit breidt spekter - og har førebels fått Real Ones og Tiebreaker på plakaten.

Bergens-bandet Real Ones er hot i Noreg no, med fleire hitar. Femmanns-bandet Tiebreaker frå Odda skal varme opp med eige matriale.

Ifjor hadde Velure Rock eit kvileskjer, men er no tilbake for fullt - på ny dato på skredoverbygget i Velure på vestsida i Ullensvang.

- Me har von om godver. Hausten kan vera svært våt - det har me erfart på desse konsertane, seier styret som og frir til sambygdingar og andre om å gjera ein dugnadsinnsats.

- Konserten hadde ikkje latt seg gjennomføra utan. For oss som prøver å samla trådane, er det motiverande å vita at mange sambygdingar vil hjelpa oss med å få dette til, skriv styret i ei pressemelding.

Leiar Jørund Olav Grønsnes oppmodar til skredrockstart på Utne i kveld. Der ligg også liste (og penn) for dei som vil vere med å dra rockemoroa i hamn. Dessutan både rocke-quiz og konsert.

Artikkeltags