Opnar eitt år før tida

Jondalstunnelen opnar 1. september 2012

Godt fjell er hovudårsaka til at Jondalstunnelen vert ferdig på rekordtid. Her frå den første salva i Torsnes. Arkivbilde.

Godt fjell er hovudårsaka til at Jondalstunnelen vert ferdig på rekordtid. Her frå den første salva i Torsnes. Arkivbilde. (Foto: Johannes H. Sekse.)

DEL

3. november i år er det gjennomslag i Jondalstunnelen. Arbeidet med tunnelen har gått så bra at den vil opna eit heilt år før den opphavlege planen.

Hausten 2013 var det opphavleg sagt at Fv. 107 Jondalstunnelen skulle stå klar til bruk. Men arbeidet har gått langt snøggare enn venta. 3. november er det gjennomslag i den 10.050 meter lange tunnelen, og prosjektleiar Rolf Harkestad fortel at førebels opningstidspunkt no er sett til 1. september 2012, altså eit heilt år før planen.

Langt føre

- Vi ligg langt føre planen, for å seia det slik. Det skuldast enkelt og greitt at det er veldig godt fjell, og drifta har gått bra, fortel Harkestad.

Datoen for gjennomslag, 3. november, er på dagen to år etter første salva vart fyrt av i tunnelprosjektet, frå Nordrepollen på Kvinnherad-sida. Ein kunne lura på om gjennomslagsdatoen var nøye planlagt, men slik er det ikkje, forsikrar Harkestad.

- Nei, slikt går det ikkje an å planleggja. Men når det først skulle passa, så passa det veldig bra, kommenterer Harkestad.

Hundre mann

Per i dag er det rundt hundre arbeidsfolk i fleire firma engasjert i tunnelarbeidet. Frå før er Kruse Smith AS og E. Opedal & Sønner engasjerte, og førre veke kom også Kvinnherad Elektro med på laget, då dei skreiv kontrakt med Vegvesenet om elektroinstallasjonen i prosjektet til ein verdi av 41,9 millionar (eksl. mva). Dei tek til med sitt arbeid rundt ein månad etter gjennomslaget.

Artikkeltags