Brurekjolar designa av Marianne Opacic er fotograferte med blømande epletre, fjell og fjord som bakteppe. No skal dei lanserast i Norden. Kjolane vert ein del av kolleksjonen til Agape. Agape er størst i landet på å kle opp norske jenter og kvinner til bryllaup og fest. Ein einsleg bruresalong på Madla i Stavanger har vakse til seks reine Agape-salongar rundt om i landet, pluss tolv forhandlarar. I tillegg finst ti forhandlarar i Sverige og tre i Danmark. - Eg er romantikar og let meg inspirera av musikk, poesi og natur når eg teiknar kjolane, seier Marianne Opacic. Alle foto: Eli Lund
Alle bilda er rettsleg verna av opphavsretten. Vidare bruk er ikkje lov utan avtale.