...
GLADE GJEVARAR OG MOTTAKARAR. Frå venstre Stein Egil Legård, Terje Kollbotn, Morten Miljeteig, Lars Bernhard Ølberg, Annlaug Halvorsen Engmark og Inge Lægreid. FOTO: Johs H. Sekse

Dugnadsånd på sitt beste

Onsdag ettermiddag var det delt ut nesten 125 000 kroner i hjelp til dei jordskjelvråka på Haiti. Det var sluttresultatet etter den spontane støttekonserten i Odda kino 9. februar.

Johannes Sekse E-post
Publisert 17.03.2010 kl 21:27 Oppdatert 17.03.2010 kl 21:29

Tips ein venn på e-post:


- Dette er dugnadsånd på sitt beste, seier Terje Kollbotn og representerer Norsk Folkehjelp, etter at han har teke imot deira tredjepart av i alt 124 485 kroner som kom inn i samband med støttekonserten «Odda for Haiti».

Overrekkinga skjedde utanfor soknehuset i Odda onsdag ettermiddag.

Kvar sin sjekk

Frå initiativtakarane møtte Inge Lægreid, Positivgjengen og Stein Egil Legård, Blueslaget, medan Halvard T. Eriksen, Live Pro og Gunn Gravdal Elton, ikkje hadde høve å vera med.

Målet før konserten, var å samla inn 100 000. Difor var det ein svært glad og nøgd duo som overrekte ein felles symbolsk storsjekk og tre mindre sjekkar til kvar av mottakarane. I tillegg til Kollbotn, var det Morten Miljeteig frå Odda Røde Kors og soneprest Lars Bernhard Ølberg og diakon Annlaug Halvorsen Engmark på vegne av Kirkens Nødhjelp.

Kritisk fase

Konserten med 432 betalande resulterte i 54 000 kroner i billettinntekter. Dei resterande 70 000 kom inn som innmelde gåver under konserten, pengar direkte i ei bøsse som vart send rundt i salen og milde gåver i ettertid, seier Inge Lægreid til HF.

Pengane skal gå uavkorta til det arbeidet Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp og Røde Kors gjer på Haiti. Der er ein no inne i ein kritisk fase, for no byrjar regntida.

Fasteaksjon

- Trongen for hjelp vil vera stor framleis. Me må ikkje slutta med å støtta, men heller la dette vera ein vekkjar og starten på å gje meir hjelp, vart det sagt. Inge Lægreid presiserer at ein då må bruka andre kanalar fordi dei har stengt kontoen som vart oppretta til støttekonserten.

Kyrkja sine representantar minner mellom anna om den nært føreståande Fasteaksjonen, som i år skal gå til tiltak i tilknyting til klimaendringar.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Vinni synger Sommerfuggel

Web-TV Vinni sang «Sommerfuggel i vinterland» på Sartor senter i Bergen. Video fra BA.

Se video

Bilete inn- og utland

Se de nye motene!

...

Oslo Fashion Week er i gang. Sjekk ut de nye motene og trendene.

Se bildeserie

Full fest i Florø

...

De hotteste trendene

...

Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.

Se bildene her


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.