...
SLÅ DETTE! Aromaeplet som Brita Nysveen fann vog 640 godkjende gram. Foto: Johs H. Sekse

Sjå her Telemark!

I åra 2002 til 2004 rasa det ein eplekrig mellom Hardanger og Telemark. Sidan har det vore stille. Men det finst framleis store eple. I alle fall i Ullensvang.

Johannes Sekse E-post
Publisert 20.10.2009 kl 20:13 Oppdatert 20.10.2009 kl 20:24

Tips ein venn på e-post:

...
FREISTANDE FRUKT. Stor, fine og saftige er dei. Men det tragiske er at dei er for store til å verta pakka i brett. Difor hamnar slike eple direkte i saftpressa.' Foto: Johs H. Sekse

Her om dagen fekk HF tips om eit raudt Aromaeple som vog heile 640 gram. Det var levert inn av Svein Djønne men var plukka av svigermor Brita Nysveen.

Ho kan fortelja at det var mange fleire som var nesten like store. Faktisk leverte dei mange storkassar med til dels store eple. Men dette eine var eit hakk større enn dei andre.

Stort engasjement

HF var med då Tore Skår på Ullensvang Fruktlager vog eplet på nytt. Vekta er kontrollert av justervesenet og difor pinleg nøyaktig. Ho stoppa på same tal på displayet - 0,640 kg.

For å finna ut om dette var rekord, bladde me attende i eige arkiv. Me fann mykje interessant, og at engasjementet om å vinna eplekrigen var stort.

- Vi skal visa at Telemark har Noregs største eple, sa dyrkarane i Gvarv hausten 2002.

Ned i støvlane

- Hardanger skal slå Telemark ned i støvlane, svara lagerstyrar Tor Tysnes på Lofthus. Krigen var i gang.

Til då kunne Telemark skilta med eit eple på 704 gram. Så kom Sjur Oppedal på Tveisme med eit Gravensteinseple på heile 706. Det vart til og med kontrollvegd med politiet til stades. Eit lite skår i vinnargleda var derimot at rekordeplet til Oppedal var dyrka på kvist frå Sauherad.

Mos og eplenikkers

Året etter spissa krigen seg skikkeleg til. Telemark ville vinna. Eller som storavisa Varden skreiv:

«I år skal Telemark mose Vestlandet langt ned i eplenikkersen». Journalist Andreas Soltvedt varsla Hardanger Folkeblad at i det året skulle dei ta hemn og dei slo på stortromma.

Heile Telemark var oppmoda å stilla med store eple på sjølvast Dyrsku'n. Beste resultatet vart ein gul Gravenstein på 515 gram, dyrka av Jarl Olav Rugtveit frå nettopp - Sauherad.

Flaks

Rugtveit meinte at det var flaks som gjorde at hardingane hadde vunne året før. Dette året skulle Telemark vinna. Dei var til og med villige til å bruka «dop» - eller som han sa: «Hestemøk og andre godsaker».

Han ville til og med koma over fjellet for å kontrollera at hardingane ikkje for med «dikt og fruktbannet løgn».

Berre få dagar seinare melde Jon Dale i Ullensvang om eit Aromaeple på 550 gram. Det vart kontrollvegd på ei postvekt med HF sin utsende som vitne. Hardingane levde i gledesrus i eitt døger. Dagen etter fekk nemleg HF sin medarbeidar ein e-post midt i fleisen. Åsta Svaland frå Sauherad hadde eit eple von på postvekta i Sauherad viste seg å vega 570 gram.

Ikkje eit pip frå aust

Heilt på tampen kom Jørund Meland frå Ullensvang inn og utlikna. På direktesending i NRK Hordaland vart Aromaeplet hans vege til akkurat det same som det frå Telemark. 570 gram. Krigen enda uavgjort, og ingen kom over fjellet for kontrollmåling.

Året etter inviterte Indre Hardanger Forsøksring og fagtidsskriftet «Norsk Frukt og Bær» til ny konkurranse. Resultatet enda med eit eple frå Ola T. Reisæter på Aga. Det vart fyrst oppdaga då det kom til fruktlageret på Utne. Dåverande styrar Jan Ove Nes kunne fortelja at det vog 688 gram. Det året høyrde ein ikkje eit pip frå aust.

Dersom ingen melder seg, kan me snart utropa Hardanger som vinnar i år og mana til ny kappetrid til neste år.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

De hotteste trendene

...

Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.

Se bildene her

Nye modeller

...

Motormessa i Detroit er i gang. Sjekk ut et utvalg av bilene som har funnet veien dit.

Se bildeserien


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.