...
ORDFØRAR Solfrid orge dekorerer Jakob T. Alvsåker med H. M. Kongens fortenstmedalje. Foto: Johs H. Sekse

Kongemedalje til Jakob T. Alvsåker

Onsdag vart Jakob T. Alvsåker dekorert med H. M. Kongens fortenstmedalje i sylv. Mange var med og heidra han under den høgtidlege æresmiddagen på Utne Hotel.

Johannes Sekse E-post
Publisert 28.08.2009 kl 10:08 Oppdatert 28.08.2009 kl 10:14

Tips ein venn på e-post:

...
STOD BAK. Det var Kari Bjørkavoll Eitrheim som tok opptakten og var med og laga søknaden. Her gratulerer ho heidersgjesten og sender blomar med heim til kona Halldis, som ikkje kunne vera med. Men som Kari sa: Hadde det ikkje vore for henne, kunne du ikkje ha klart alt det du har gjort. Foto: Johs H. Sekse
...
EIN FANEBERAR. Mange velfortente godord vart brukt om Jakob T. Alvsåker og livsverket hans. Foto: Johs H. Sekse

”Han Jakob åtte eit sers lag til å vinna folk kvar han for. Han var no fyrst og fremst ein stø og setande mann med tillit hjå alle, og so var han so vensæl og finsleg og folkeleg i omgjenge. Han var no og jamt seg sjølv, både ute og heime. Ein høyrde aldri han brøytte målet, sa ein av gratulantane, Sjur J. Sekse, og siterte noko bestefar til Jakob hadde sagt om han til Halldor O. Opedal.

Orda dekkar mykje av det æresgjesten stod og står for.

-Dette skulle ha vore gjort for lenge sidan, sa Kari Bjørkavoll Eitrheim som ynskte heidersgjesten, familie, venner og andre velkomne til bords på Utne onsdag kveld.

Her møtte dei eldste jentene i barnekoret opp under leiing av Inger Elisabeth Aarvik som hylla jubilanten med to songar. Ordførar Solfrid Borge stod for den offisielle overrekkinga.

-Mange har i dag grunn til å takka deg for din store innsats, spesielt i nærmiljøet. Ein omtykt mann i bygda. Du har oppfylt kritera i statuttane og det er ei ære for meg å få dekorera deg med H. M. Kongens fortenstmedalje i sylv, sa ho før ho festa medalja på jakkekragen og deretter overrekte medfylgjande skriv, signert kong Harald, der han inviterte Jakob og kona Halldis til slottet.

Heilt sidan ungdomstida har Jakob T. Alvsåker teke på seg mange frivillige og kommunale verv. Alt tidleg i ungdomen tok han til med lagsarbeid. Han var speidar og troppsleiar i mange år, aktiv i fråhaldslosjen og hadde mange verv både lokalt og i distriktslosjen.

Under middagen vart det helsa frå både grannalag og dei organisasjonane han har gjort ein stor innsats i. Jakob har hatt ei rekkje verv både politisk og i private lag og ordgnisasjonar.

Jakob T. Alvsåker har skrive mykje interessant om alt frå jaktefart og frukthandel til soga om Utne kyrkje og Ullensvang Kristeleg Folkeparti, der han også er æresmedlem.

Leiaren i Vines Bygdalag, Sjur Reinsnos gratulerte også, og takka Kari Bjørkavoll Eitrheim for at ho hadde gjort opptakten til medalja og saman med ordføraren hadde arbeidd fram ein solid underbygd søknad.

Heidersgjesten sjølv takka audmjukt og gav på ein lun og fin måte, nokre smakebitar av livet og verksemda si.

Sjur Sekse avslutta med å takka for ein utmerka middag, der han elles summerte opp mykje av det Jakob T. Alvsåker har stått og framleis står for:

-Du representerer dei såkalla motkulturane kristendom, norskdom og fråhald. Eg vel å kalla dei høgkulturar.

Mest lese no



Mest sette bileteserier




HFs kundesenter




Abonner på e-avisa


Søk i skattelistene
 
Søk på navn og/eller sted
Eksempel: Ola Nordmann Oslo
Se topplister i ditt postnr.
Eksempel: 2815
 
Se topplister i Kommuner
Eidfjord  Odda  Ullensvang 

...

Facebook på børs

Web-TV Giganten tar steget inn på børsen.

Les meir

Bilete inn- og utland

Her er svenskenes MGP-håp!

...

Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.

Se alle artistene!

De hotteste trendene

...

Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.

Se bildene her

Nye modeller

...

Motormessa i Detroit er i gang. Sjekk ut et utvalg av bilene som har funnet veien dit.

Se bildeserien


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.