Laurdag 1. november vert det både konsert og dans på Hardangertun. Tanken bak arrangementet er mellom anna å samla vaksne, born og ungdom rundt folkemusikk og gammaldans.
-Draumen er å samla alle aldersgrupper om både spel og dans, for å inspirera og halda på alle dei flotte elevane me har på toradar og fele i kulturskulen i Ullensvang, seier Anita Solheim Bråvoll.
I vinter går det heile 21 på torader, ein på trekkspel og 19 på fele.
Eit anna mål med kvelden er sjølvsagt like viktig. Nemleg å gle alle, frå heile Hardanger, som vil koma og dansa og høyra på.
Konserten vert leia av Harald Bu. Utøvarane er i tillegg til elevar frå kulturskulen på fele og torader, John Ole Morken, fele, Rannveig Djønne og Anita Solheim Bråvoll, begge torader og Oddmund Hus, som bidreg med historie.
Sissel og Jan Helge Opheim vil også visa dans saman med born. Etter konserten spelar Retta Draget, Juniorspelemannslaget under leiing av John Ole Morken, Indre Hardanger Toradarlag med fleire opp til dans for born, ungdom og vaksne
Kalenderen fra Hardangerfolk | ||
Christer Sjögren, Charlotte Perelli, Lotta Engberg og flere kjente fjes deltar i Melodifestivalen.
Se alle artistene!Vi viser deg de hotteste og nyeste trendene fra Gave- og interiørmessen i Lillestrøm.
Se bildene herMotormessa i Detroit er i gang. Sjekk ut et utvalg av bilene som har funnet veien dit.
Se bildeserien
Siste kommentarar