...
KUNSTNARANE INVITERAR INN. Harding Puls har lagt opp til ei svært innhaldsrik helg med arrangement både ute og inne i heile Hardanger denne helga. Solfrid Aksnes, leiar av organisasjonen, midt i sitt eige kunstverk i LandArt-løypa på Mæren.. Foto: Mette Bleken

Opnar opp Hardanger

Denne helga opnar kunstnarane i Hardanger opp sine atelier for ålmenta og det vert utstillingar og konsertar i heile regionen.

Mette Bleken E-post
Publisert 23.04.2010 kl 10:22 Oppdatert 23.04.2010 kl 10:36

Tips ein venn på e-post:


Hardanger OPEN er harding-versjonen av Oslo Open og B-Open i Bergen. Ideen bak desse prosjekta er at kunstnarane opnar ateliera sine nokre dagar for ålmenta.

Harding Puls inviterar

Her i regionen er det kunstnarorganisasjonen Harding Puls som har teke ansvar for prosjektet. «Pulsarane» kan no by publikum inn til ei kunsthelg av dimensjonar. Kunstnar-general Solfrid Aksnes gler seg til OPEN-helga og har saman med troppane komponert ein rikhaldig meny.

Harding Puls har lagt opp til eit program som syner kor allsidig kunsten - og kunstnarane i Hardanger - er. No har alle høve til å stifta nærare kjennskap med både kunsten og kunstnarane.

Felles språk

Omgrepet Hardanger OPEN kling like godt på nynorsk som på engelsk, og tyder det same. Kjekt då at Hardanger OPEN og Harding Puls omfattar kunstnarar både med norsk, hardangersk og framandlandsk opphav. Dessutan er kunst eit universelt språk, så her burde det være greitt å kommunisera.

Startskotet gjekk igår, torsdag med seminar, katalogslepp med konsertar i Kvam, Odda, Ulvik og Eidfjord.

I kunsthuset Kabuso i Øystese opna Vestlandsutstillinga, på Hardanger Kulturgalleri i Herand ver det seminar om landskapskunst - Land Art, og kunstløype (sjå eiga sak) opna, på vegen fram mot Mæle.

Atelier: OPEN

Frå i dag, fredag og fram til sundag kan publikum vitja kunstnarane på heimebane. Dei opnar dørene til sine atelier og verkstader. Kan hende er dei i arbeid slik at folk kan sjå delar av vegen fram til ferdig kunstverk.

Galleri i heile Hardanger held ope, og det vert opna minst eitt nytt galleri samband med kunst-happeninga.

Allsidig

Harding Puls femnar med dette prosjektet heile Hardanger. Kommunegrenser vert brotne og fjordlandskapet flyt saman til eit heile. Dei opnar dørene til eige nettverk og samarbeid - og inviterar heile Hardanger inn.

Det vert konsertar med dei fremste utøvarane Hardanger har. Unge og etablerte side om side.

Benedicte Maurseth held konsert på Hardanger Folkemuseum, Åse Teigland og Frank Rolland spelar i Agatunet, Ørjan Hartveit syng mellom anna i Formannshuset i Odda, songar Ranveig Helen Lægreid og pianist Geir Botnen held konsert i Kabuso, Knut Hamre og Alexander Aga Røynstrand gir ein hardingfelekonsert etter Olav Håstabø i Håstabøstova i Kvanndal.

Fleire av Harding Puls-kunstnarane er med på felles utstillingar; på Galleri Rallaren i Tyssedal, Galleri Bergslien i Eidfjord, Hardanger Kunstsenter i Norheimsund og Kunstnarhuset Messen i Ålvik.

Biletkunstnarar og målarar innan fleire genre, foto, tekstil, keramikk, trearbeid og smykkekunst er mellom det Harding Pulsarane byr på. På Skrivargarden på Hesthamar kan publikum møte eit nederlandsk par og sjå og oppleva deira design og kunst.

Oddingen Leander Djønnes film-trilogi vert vist i Odda kino både fredag og laurdag. Og enno er det meir.

Kunst til debatt

Sundag vert det sett punktum for det fyrste Hardanger OPEN med paneldebatt på Kabuso, der kunst og kunstnarar skal under lupen.

Tema er kva rolle kunstnarane har i dag, kva rolle dei sjølv kan ta og kva rolle kan dei få.

Mellom dei som skal debattera er den nytilsette fylkeskultursjefen Anna Elisa Tryti og nyutdanna kunstnar Lars Korff Lofthus saman med meir etablerte kunstnarar frå Harding Puls.

Det er lagt til rette for ei kunsthelg av dei sjeldne. Det er berre å ta for seg programmet som vert lagt i alle postkassar i dei sju hardangerkommunane, og plotte inn reiserute. Med eller utan GPS. Kvar OPEN-stad er merka med vimplar.

Mest lese no

...

Disse sauene overlevde vinteren

HF nyhende Jan Erik Berge måtte gni seg i øynene da han så tre sauer på kanten av en skrent. De hadde overlevd vinteren på Hardangervidda. Les meir

...

Vil ha dialog om skisenter

Jondal Investorar vil gjera Sommarskisenteret til flaggskip i Hardanger. Les meir

Nettstas på morsdag

...

Gladsaka HF hjelper deg å senda ei helsing til ho mor på morsdagen! Les meir

...

Når alarmen går

HF nyhende Når en ulykke skjer er Odda sjukehus øyeblikkelig i alarmberedskap. Det var også tilfelle ved ulykken på Haukelifjell. Les meir


Tips oss

Lokalavisa for
Odda, Ullensvang og Eidfjord

Tipstelefon: 53 65 06 20
Sms: tipshaf til 2097
Send oss epost

Kontakt oss

Sentralbord: 53 65 06 00
Redaksjonsfax: 53 65 06 21
Kundeservicefax: 53 65 06 01
Adresse: Ragde, Postboks 374, 5751 Odda

Annonsere

Marknadsansvarleg: Rolf Alterskjær
Telefon: 91 12 02 11
Epost: annonse@hardanger-folkeblad.no

Redaksjon

Redaktør/dagleg leiar:Trygve D. Syse
Redaksjonssjef:Karl Ystanes
Epost:redaksjon@hardanger-folkeblad.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.